Atle Måseide, førsteamanuensis, Institutt for filosofi/UiT og medlem av Fagrådet for skule og offentleg forvalting i Språkrådet hadde den 31. mai en spennende kronikk i Bergens tidene. Gå for all del ikke glipp av poenget her! Kronikken bør leses i sammenheng med artikkelen «Trenger ikke bokstaver for å lese» på Ringer i vann sine Facebook sider.
I ettertid er det lett å sjå at det måtte kome, det utvida leseomgrepet. Vi har i fire tiår hatt det utvida kunnskapsomgrepet i norsk skule. I tillegg til kognitive kunnskapar, tradisjonelle kunnskapar i historie, rekning, norsk og liknande, som ekte pedagogar omtalar med fy-ordet «faktakunnskap», har ein fått inn andre former for kunnskap som alle er minst like viktige som tradisjonell kognitiv kunnskap.
Hevdar eg at det har skjedd eit alvorleg kunnskapsforfall i skulen, får eg følgjande svar: Kva er kunnskap? Antydar eg eit svar ved å nemne til dømes kunnskap i historie, matematikk og norsk, får eg gjerne eit overberande smil tilbake. Eg har avslørt meg, må vite. Eg skjønar ikkje at førestellinga mi om kva kunnskap er, er gammaldags. Kunnskap femner om så mykje meir enn det eg innbiller meg.